Nåde den som ikkje smiler

Innlegg på Bulystkonferansen på Skei 23. april 2012

Eg heiter Marit Aakre Tennø, og eg bur i Jostedalen i Luster kommune. Her har me spreidd busetnad i mellom 2-3 mil oppover dalen frå kommunesenteret Gaupne. Ved siste teljing var me 420 folk. Jostedal skule har 25 elevar mellom 1. – og 7. klasse og det er 20 ungar i barnehagen. Jostedalen er ei bygd i vekst.

Sjølv er eg ein av dei som har flytta til Jostedalen dei siste åra. Eg er Sunnmøring, mannen min er trønder og me har no budd i Jostedalen sidan desember 2007, i Luster sidan august 2006. Frå desember 2008 og fram til sumaren 2011 var eg prosjektleiar i tilflyttingsprosjektet i Jostedalen.

Jostedalsprosjektet ”Jostedalen – det er dette du drøymer om” er eit tilflyttingsprosjekt  som er funne på, tenkt ut og vert drive i Jostedalen. Me såg på veldig mange andre tilflyttingsprosjekt før me sette i gang, og såg at det same gjekk att i alle - det dreier seg om trivsel og tryggleik om heim, arbeid og skule. 

Men openbert er: Dette kan mest alle kommunar eller bygder i Noreg by på. I Jostedalen stilte me oss spørsmålet: Kvifor skal ein flytte til Jostedalen med 420 innbyggjarar lengst inne i ein dal når ein like gjerne kan flytte til Børselv eller Tolga?

Me visste at naturen og snøtilhøva i kombinasjon med mange naturbaserte aktivitetsverksemder var attraktivt for mange. Me bestemte oss for å fokusere på dei spesielle fordelene Jostedalen har samanlikna med andre bygder og byar. Me har 9 månader skiføre, me har Noregs høgaste tettleik av internasjonalt godkjende tindevegleiarar, og me har fleire heilårsopne sosiale møtestader som avprivatiserer det sosiale livet og gjer terskelen låg for å treffast og ha det kjekt saman.

I desember 2008 lanserte me tilflyttingskampanjen Jostedalen – det er dette du drøymer om. Sidan då har det kome 28 nye jostedøler. I Jostedalen bur det no folk frå Sverige, Danmark, Grønland, Nederland, Sveits, Kenya, Tanzania og New Zealand. Konklusjonen er at å satse på snø, ski og moro har vore ein suksess. Kva er det som har gjort det til ein suksess?

Eg meiner det aller viktigaste har vore den sørvis- og koordineringsfunksjonen eg som prosjektleiar har hatt. Det at det finst nokon ein kan kontakte, ein fysisk person som har tid til å hjelpe og som sit nært på lokalsamfunnet. Eg trur nærleiken er viktig. Til dømes: midt i prosjektperioden fekk eg e-post frå ein småbarnsfamilie busett i Danmark som drøymde om Luster, dei ringte kommunen men ingen kunne hjelpe dei der. Me fiksa hus, kontakt med skule og potensielle arbeidsgjevarar og no bur denne familien på fire i Jostedalen.

Nest viktigast har vore nettsida vår: Me etablerete nettstaden www.jostedal.no i desember 2008, samstundes som me lanserte kampanjen. Sida skulle vere hjartet i prosjektet. Tanken var at sida ikkje berre skulle ha statisk informasjon om Jostedalen, den skulle og ha ein blogg som skulle formidle noko om livet i Jostedalen. Me var i starten 4 stk som skulle blogge, her skulle det stå om skiturar, førerapportar, festar, hendingar i bygda, hendingar i kampanjen og små ting som ville gje eit lite innblikk i livet i Jostedalen. I den aktive perioden i prosjektet har sida hatt rundt 100 treff for dag, og frå heile Noreg. Me har brukt twitter og Facebook aktivt til å formidle bloggpostane våre, og ser at det gjev mange treff.

Kampanjen har i like stor grad som eit tilflyttingsprosjekt fungert som reklame for Jostedalen som skiplass eller turstad om sumaren.

På mange måtar kan me seie at Jostedalens prosjektet har vore ei suksesshistorie og dei siste tre åra har Jostedalen hatt ei svak folkeauke, for fyrste gong på over 50 år.

Men me starta på ingen måte på null i Jostedalen, bygda har gjennom mange år gjort godt utviklingsarbeid som me har kunne bygd vidare på.

Eg fortel ofte om prosjektet til andre og veldig ofte møter eg den same attendemeldinga ”Har alle i bygda vore positive til dette? Er ikkje mange skeptiske? Har du møtt noko motstand?” Det ville vore beint fram overraskande om alle 420 i Jostedalen skulle vore heilt 100 prosent samd i alle dei vurderingane som Jostedal bygdelag gjorde då me starta denne kampanjen. Det er klart eg veit at mange var uroa for om kampanjen var for snever, alle er jo tross alt ikkje interessert i å gå på ski i ni månader, ville me kunne støyte frå oss nokon? Det var ei viss usemje i bygda med andre ord, utan at eg nokon gong opplevde det som problematisk. Eg kunne sikkert vald å definere dette som motarbeiding, men eg vel å sjå på som usemje. På same måte som eg heilt sikkert ville vore usamd i enkelte delar av eit tilflyttingsprosjekt om nokon hadde vald å ha ei heilt anna vinkling enn den me valde.

Det problematiske er premissen for spørsmålet, det er slik at ein går ut i frå at den typen prosjekt som dette vil møte motstand i ei så lita bygd som Jostedalen, og at ein definerar all usemje som problematisk.

Det er heilt klart noko i at ei bygd som Jostedalen har føremoner som mange andre bygder ikkje har. T.d. har 25 år med breføring gjort at bygda kvar sumar fyllast opp av alle typar ungdommar som blir sumaren gjennom for å arbeide på i dalen, i dag i ulike aktivitetsverksemder, alle er ikkje like A4. Eg trur det har gjort noko med takhøgda i bygda.

Min agenda no er likevel å kritisere premisset om at bygde-Noreg er fullt av motstreberske folk som helst ikkje vil ha endring. Som elles i landet og sikkert i verda er det sjølvsagt slike folk i bygde-Noreg og, men når dette vert premisset for korleis ein driv bygdeutvikling synst eg ein bommar på målet.

Skal me tru sentrale premissleverandørar i distriktsutviklinga har bygdenoreg dei siste åra lidd av ein kollektiv depresjon, ein har tenkt for mykje på fiskeriet som forsvann, landbruket som forsvann og arbeidsplassane og råvarene som forsvann, og av det har ein vorte sure og grinete, og sidan ingen vil vere vener med folk som er sure og grinete så har ingen flytta til bygde-Noreg.

Men no har heldigvis ting ordna seg for bygdene, nokon har nemleg funne ut at om ein smiler og er glad og ikkje syt, ja då kjem folk flyttande gitt, i hopetal. Med entusiasme og smil og glød skal bygda reddast.

Lat oss ta nokre døme frå nettsidene til Distriktssenteret:

”Sirabuen er blitt gode ambassadører og snakker positivt om Utsira når en er ute og reiser, på internett og til gjester som kommer til øya. Innbyggerene føler de er med på å forme øya og mulighetene her, og bidrar til å vere betydningsfulle for lokalsamfunnet.” står det om eit utviklingsprosjekt på Utsira. Dette er ”den gode historia” om folk som har snudd pessimisme til optimisme, ikkje sjå bakover, sjå framover. Skap engasjement!

I sin Om Bulyst-prosjektet på Utsira skriv t.d. Distriktssenteret: ”De har skapt en brei mobilisering og engasjement blandt øya sine innbyggerne gjennom folkemøter og kreative arbeidsprosesser.  Visjonen - "Utsira gir energi" - er noe folk står bak, og gir identitet og stolthet blandt innbyggerne. Dette omdømmearbeidet blandt egne innbyggere, danner et viktig grunnlag for  å lykkes med mange av tiltakene i "Bulyst" prosjektet både innenfor tilflytting, nye arbeidsplasser, reiseliv og trivsel for innbyggerne.

Om ser på det konkrete prosjektet, ser ein at gruppa arbeider med konkrete mål, fleire arbeidsplassar, hjelpe folk som vil flytte heim, halde kontakt med utflytte sirabuer og arbeide konkret med bustadsituasjonen.

For meg som bygdemedarbeider i grisgrendt-Noreg vert eg interessert i læringsverdien av prosjektet på Utsira. T.d. korleis dei har arbeidd med å løyse bustadsituasjonen. Me i grisgrendt-Noreg veit at den ofte er vanskeleg, og at feriehusproblematikken er stor. Men den oppsummerte læreverdien er slik Distriktssenteret ser det fyrst og fremst ”engasjement”, ”stoltheit” og ”kreative arbeidsprosessar”, utydelge og lite målbare faktorar med andre ord.

Analysen frå Distriktssenteret er at omdømmearbeidet er basisen i arbeidet, utan at eg kjenner prosjektet så spør eg meg spørsmålet om det ikkje er slik at det er det konkrete arbeidet som har gjeve resultat, ikkje fyrst og fremst entusiasmen? Er entusiasme meir effektivt enn hardt arbeid? Det ville i tilfelle vore oppsiktsvekkjande.

Det strukturelle er stroke vekk, I Luster finst det mange bygder som har mykje å syne til av entusiasme og godt miljø, Jostedalen er ikkje åleine. Men den bygda som veks mest er Hafslo. Er det på grunn av entusiasme og rausheit? Nei, det er fordi her får du billege tomter berre 15 minutt frå Sogndal. Å leike som slike ting ikkje er vesentlege vil vere dumt. Det at Jostedalen ligg 30 minutt med bil frå kommunesenteret Gaupne er ein vesentleg faktor og ein viktig del av den analysen me måtte gjere oss før me starta prosjektet. Arbeidsmarknaden her er ikkje ubetydeleg, på same måte vil ei mogeleg kommunesamanslåing med Sogndal flytte ein del av dei viktige arbeidsplassane ut og endre ein del førestnader for bygdeutviklingsarbeidet i Jostedalen. Strukturane er ikkje uvensentlege.

Eg er ikkje usamd i at bygdene har mykje å tene på å framstå som opne og folka i dei som hyggelege. Men eg er usamd i at det er entusiamene som skal redde bygde-noreg. Sjølv er eg lokalpolitikar for Senterpartiet i min heimkommune Luster ein kommune med vekst dei siste åra. Her lurer strukturdebattane, for meg som sit i Jostedalen å tru at nedlegging av skulen ikkje er noko eg skal uroe meg for så lenge me er opne og positive ville vore i overkant naivt.

Lurer me ikkje oss sjølve med all denne positive tenkinga?

”Ein god bygdekrangel kan vere bra” – melder NRK Nordland 22.09.2010. Førsteamanuensis og samfunnsforsker Anniken Førde ved Universitetet i Tromsø meiner det er sunt med litt usemje på bygda.

– Vi har avlivet myten om at nyskapning skjer først og fremst i de harmoniske bygdene uten konflikten. Det vi har sett er at i de bygdene der det skjer mye nyskapningsarbeid, er det også mye motsetninger, spenninger og konflikter.

Vil ikkje då fokuset på den felles entusiasmen rett og slett verke hemmande?

Det kan i det heile minne veldig om øvingar i positiv tenkjing. Der ein stenger ute ubehagelege mogelegheiter og ”negative” tankar, altså eit slags medvite sjølvbedrag. Det mest skremmande med slik tenking er likevel at det ikkje finst noko orsaking for ikkje å lukkast. 

For ei tid tilbake var eg på vitjing i fleire lokalsamfunn i Finnmark. Svanvik i Pasvikdalen ligg ein halv time frå Kirkenes, har mange militære arbeidsplassar, folkehøgskule og er i ei god utvikling. Austertana i Tana kommune, hadde ikkje like god utvikling. Her var det 40 minutt til kommunesenteret Tana Bru. Butikken i Austertane er lagt ned, alle må til Tana Bru for å handle. Elkem Tana er største arbeidsplass og kvar dag er det fleire folk som pendlar inn enn ut av bygda. Er entusiasmen større i Tana Bru enn i Austertana, er det difor folk heller vil bu der? Er det entusiasme som gjer at Svanvik veks? Kva med Skogfoss som ligg endå 2 mil frå Kirkenes i Pasvikdalen? Kva skjer om Statoil bestemmer at dei ikkje vil levere drivstoff lengre til butikken på Skogfoss og dei som i dag handlar der likevel må til Svanvik for å få drivstoff, då kan dei vel likevel handle der? Kva skjer med lokalsamfunnet på Skogfoss då? Her er Jokerbutikken kåra til 3. beste nærbutikk i landet på frukt og grønt. Ein knakande god butikk, med svært hyggelege eigarar, her er det entusiasme i bøtter og spann, men det rekk ikkje om Statoil ikkje lengre vil levere drivstoff.

Dette er ikkje ein kritikk av dei mange bygdeutviklingsprosjekta rundt om i landet, der det vert arbeidd hardt med å få til positiv utvikling gjennom næringsutvikling, gode bustader og å halde på tilboda i nærleiken av der folk bur. MEN, eg trur det vil vere uheldig å framstille dette som eit tankespel der den som er mest positiv vinn.

I fjor sumar hadde me eit par frå det sentrale austlandet på vitjing, dei drøymde om ei liv på bygda og dei hadde relativt spesifikke bustadbehov. Me hadde lite å tilby på bustadfronten og tapte konkurransen til ei anna bygd ein annan stad på Vestlandet. Eg vel å tru at det ikkje var fordi me ikkje var positive nok.

Distriktssenteret seier: ”Det er kultur og holdningar for positiv endring som er viktigst for å skape en positiv utvikling” og minner om «et godt omdømme bygges i millimeter, men rives i meter»! Kva er det ein slags trussel?

Eg seier: meir hard arbeid og meir meiningsbryting. Og at utkantane må sleppe å bruke så mykje krefter og kreativitet på å kjempe for å halde på offentlege tenestetilbod i nokolunde nærleik av der ein bur.

 

Dagmar bles kleda av keisaren

Dette innlegget stod på trykk i BT 14. januar.

Både Dagmar og NHO herjar spaltene i desse dagar. Dagmar slo ned alt ho fekk tak i og NHO vil slå saman alt dei kjem over. Lærdomen frå Dagmar er ikkje irrelevant for korleis me ser på kravet til NHO.

John G. Bernander og NHO meiner kommunane sine oppgåver er blitt for store og at dei minste kommunane ikkje klarer å løyse dei åleine. Stordriftsfordeler skal det bli om me i dei små kommunane slår oss saman til store. Dette trass i at røynslene frå Danmark syner at dei nye storkommunane vart dyrare og meir byråkrattunge. Stordriftsfordeler skulle det bli i dei store nasjonale mobil- og internettselskapa òg. Men røynslene frå Dagmar syner oss at det var nettopp dei tenestene og verksemdene ein kunne nå i lokalmiljøet som gjorde ein forskjell. Her i Luster var Luster energiverk operative og ute frå fyrste melding om straumbrot, og Statkraft med kontor og personell i Luster mobiliserte alt før stormen var løya. I dagane etter stormen såg me energiverkbilar og statkraftbilar ute i same oppdrag: For å sjekke liner, same kven sine liner det var. Kontakten mellom kommunen og verksemdene fungerte. Då eg var innom kommunesenteret etter to dagar utan kontakt med verda utanfor Jostedalen, bygda eg bur i, visste kommuneadministrasjonen at eg i løpet av dei neste to timane ville få att straumen min - etter at eg hadde vore 40 timar utan. Men nokre bilar såg me aldri, og nokon høyrde me aldri frå: Dei store, nasjonale mobil- og internettleverandørane.

”Det er utrolig mye som skal gjøres der ute”, sa direktør i Forbrukerrådet Randi Flesland under NHO sin årskonferanse. Ho kunne ha adressert det til dei nasjonale leverandørane som skal gje folk attende mobil- og telenettet. I desse dagar rotar dei rundt på stader dei aldri har vore, i snø dei ikkje var førebudde på, for å gje kontakt med omverda attende til folk dei ikkje kjenner. Men Flesland meinte nok kommunane, for ho meiner at det trengst større kommunar til alt som skal gjerast.

Men lærdomen frå alt som måtte gjerast etter Dagmar fortel oss det motsette. Det var nærleiken til tenestene og avgjerdene som var suksesskriteriet i kriseberedskapen i Sogn. Etter Dagmar sat folk i fleire bygder vegg i vegg med ein basestasjon som berre trengde straum frå eit aggregat for å vere operativt. Men kven vender ein seg til frå Veitastrond når ein vil inn i basestasjonen og kople til eit aggregat, slik at heile bygda kan få att mobilnettet? Med privatisering og oppstykkinga av mobil- og internettmarknaden er ansvaret pulverisert. Dei store einingane, rasjonaliserte etter New public management-ideologien, klarer ikkje levere like gode tenester som dei små til oss her ute i grisgrendt-Noreg. Det vil heller ikkje dei nye storkommunane, drive fram av same ideologi, klare.

”Når den gamle strukturen er tilpasset en historisk tid, er det sentrale myndigheters ansvar å gi oss en ny bærekraftig og hensiktsmessig forvaltningsstruktur som er tilpasset dagens behov og morgendagens utfordringer” skriv NHO i sin rapport Alle gode krefter. Uttrykket ”dagens behov” er eit like uklart omgrep som ”større bu- og arbeidsregionar”. NHO meiner ”Større og mer robuste arbeidsmarkeder er positivt fordi de bedre tåler større endringer i arbeidsmarkedet som følge av bedriftsnedleggelser og næringsendringer”. Èin ting er den banale trua på at arbeidsmarknaden vert større om ein berre fjernar eit par-tre kommunegrenser, NHO gløymer visst at dei geografiske avstandane vil vere akkurat som før. For det andre oppryddingane etter Dagmar at desse store,  robuste einingane nettopp ikkje tålte store endringar som til dømes storm. Her stod dei små, fleksible og lokalkjende einingane langt sterkare.

Konklusjonen er: Lokalt ansvarlege for mobil-, tele- og internettet er avgjerande for folk, på same vis som nærleik til kommuneleiinga og nærleik til dei som styrer viktige samfunnstrukturar. Slik desentralisering er ein føresetnad for demokrati.

Appell valkampopning Luster senterparti

Luster senterparti har sett seg eit hårete mål: kvar fjerde innflyttar skal busetje seg utanfor dei større sentra i kommunen. Eg synst eg høyrer eit gamalt og slite motargument mot slike mål frå sentralistar i byane. ”Ein kan ikkje tvinge folk til å bu”. Og dei har sjølvsagt heilt rett, ein kan ikkje tvinge folk til å bu. Heldigvis så slepp me det, for me som bur her i Luster me veit at folk vil bu. Folk vil bu i Gaupne, på Hafslo, i Solvorn, på Veitastrondi, på Nes, i Luster, på Høyheimsviki, i Skjolden, i Fortun, på Sørsida og mange vil som meg bu i Jostedalen.

Men kvifor vil dei det?

Dei vil bu i Luster fordi det er verdas beste kommune.

Og kvifor er han det?

Jau, fordi Luster kommune er ein demokratisk og desentralisert distriktskommune.

Me har til dømes ein skulestruktur som gjer ungane våre gode på skulen, og me har ei eldreomsorg som gjer det godt å bli gamal. Me har det mange saknar: me har nærleik. Ikkje berre har mange kort veg til jobb, skule og barnehage, men me har og legekontor og legevakt i kommunesenteret ,her, midt i kommunen. Nærleik gjev tryggleik.

Nærleik er så mangt: Alle bygder over ein viss storleik har butikk og ein har eit desentralisert drivstofftilbod. Men ein av dei viktigaste tinga er at me har nærleik til makta her i Luster. Ein nærleik som gjev kvar einskild ei kjensle av å ha mogelegheit til å påverke sin eigen kvardag.

Men alt dette er under press.

Sentraliseringa har og kome til Luster og mange vil bygge ned dette som nettopp gjer Luster til verdas beste kommune. ”Større einingar gjev betre tilbod”, seier dei. Utan at dette på nokon måte kan provast. Snarare tvert om syner det seg at det nett er oss som er så heldig at me får bu i demokratiske og desentraliserte distriktskommunar som har dei beste tilboda. Luster Senterparti vil kjempe hardt mot sentralisering innad i kommunen og me ynskjer ikkje ei kommunesamanslåing med Sogndal og Leikanger.

Og så attende til opningspoenget mitt. Me vil at fleire skal få høve til å bu i demokratiske og desentraliserte distriktskommunar. Me vil at fleire skal få høve til å bu i Luster. Og som nemnt vil me at kvar tredje nye innbyggjar me får skal velje å bu ut i dei grisgrendte delane av kommune vår. Korleis skal me få til det?

 

Om du vil flytte til Luster er det tre måtar du kan få bu på:

Du kan leige deg ein stad å bu, du kan kjøpe deg ein stad å bu eller du kan byggje deg ein stad å bu.

Og så bør du hels ha ein jobb, om du då ikkje har ein du kan ta med eller ein du kan starte.

Arbeidsmarknaden i Luster er relativt god, det er stadig vekk ledige jobbar og nærleiken til dei store jobbmarknadene i Sogndal og på Leikanger er viktig for kommunen. Eit sterkt kommunesenter er viktig for å halde på arbeidsplassar og å kunne skape nye. Det same er nærleik til verkemiddelapparatet som kan få i gang nye verksemder som kan skape nye arbeidsplassar ute i distrikta.

Likevel syner det seg mange gonger at det ikkje er jobben som er det største problemet, men bustad.

I store delar av Sogn og Fjordane er gardsbruk ei svært etterspurd vare. Men vara er ikkje tilgjengeleg for folk flest. I Luster kommune har me minst 200 tomme bruk, og ingen av dei til sals. Samstundes sit kommunen på ei veksande liste med einskildpersonar og familiar som er ute etter bruk. I staden for å kunne fylle bruka med folk og familiar er mange av bruka kanskje besøkte berre ein gong i året. Kommunen har det siste året jobba med prosjektet ”folk i fleire hus” for å få fart på omsetjinga av hus, og arbeidet har gjeve resultat. Ein føresetnad for dette arbeidet er at buplikta vert handheva strengt. Ho er det einast verkemiddelet som finst for å kunne hindre at fleire bruk vert reine fritidsbustadar og at bonden i stort mon slår på leigd jord. Buplikt er eigentleg ei salsplikt. Og det er ei plikt til å gje rom for meir folk i bygda om ein sjølv ikkje har tenkt å bu der.

Mange seier at det viktigaste er tomter så folk kan bygge, men kva hjelp det når ein ikkje har hus som folk kan leige medan dei bygger. Me kan heller ikkje så vekk frå at å byggje ein stad utan ein eigentleg marknad for mange vil opplevast som meir risikabelt enn å byggje ein stad der du veit at om noko skjer så kan får du tilbake pengane dine ved å selje. Om inngangsbilletten til ei bygd er at du må byggje eit hus, er det nett som hindrar tilflytting. Det kan jo og vere absurd å måtte byggje seg eit hus i ei bygd der over halvparten av husa står tome.

Dei mange små bygdene i Luster har ulike utfordringar for å møte ynskja folk som vil flytte dit har. Det er viktig at me ikkje trur at det som kan fungere i ei bygd  fungerar for resten. Nokon stadar er det byggjeklare tomter som kan gje meir folk i bygda. Andre stadar er utfordringa å finne hus til der folk kan bu medan dei tek avgjerda om det verkeleg er her dei vil bu. Mange stadar i Luster veit me at å kunne tilby ein draumegard til ein familie eller to kan gje leikekameratar til ungane våre og liv i bygdene. Røynsler frå andre kommunar syner og at nett slike gardformidlingsprosjekt i stort mon trekkjer til seg folk som skaper nye næringar og nye arbeidsplassar.

Luster Senterparti ynskjer at Luster framleis skal kunne vere ein demokratisk og desentralisert distriktskommune. Men det forpliktar. Då må me lytte til heile kommunen, og gje rom for stemmer både frå tettbygde og grisgrendte delar av kommunen. Berre slik kan me vekse og bli ein endå betre kommune å bu i.

 

Billege åtvaringar

I dag har eg eit svar til bygdeforskar Bjørn Egil Flø og hans kronikk "Idylliseringas pris" på trykk i papirutgåva av BT, det ligg ikkje på nett.

Bjørn Egil Flø er i BT 16. januar igjen ute og åtvarar mot det han meiner er den største fienden åt norsk bygdeliv: middelklassen. Denne gongen er det idylliseringa av bygdelivet han åtvarar mot. Før ein veit ordet av det har ein bygda full av raudvinsdrikkande keramikarar som aldri har gjort eit ærleg dagsverk.

Bakteppe for åtvaringane er stoda i Storbritannia. Dei beinharde økonomiske nedskjeringane under Thatcher tvinga folk i dei britiske bygdene inn til byen etter arbeid, og attende stod tomme bygder. Desse gjorde seg attraktive for den veksande middelklassen. ”Frå å ha vore prega av landbruk, småindustri og ei lokalt sysselsett arbeidarklasse er dei idylliske småbyane no dominert av ei fjernarbeidande øvre middelklasse”, skriv Flø.

Som Flø er eg samd i at dette er ei uønska utvikling, og ei utvikling me ikkje ynskjer i Noreg. Men i Flø si verd betalar den britiske landsbygda ”idylliseringas pris”. I mi verd betalar dei prisen for ein feilslått økonomisk politikk og fråveret av politiske verkemiddel for at folk skal kunne halde fram å bu på bygda og oppretthalde lokale økonomiar.

Flø skriv ”at den aktive idylliseringa også kan ha uheldige konsekvensar for lokalbefolkninga og det rurale næringslivet”. Eg er ingen ekspert på britisk samfunnsliv, men det er vel ikkje tvil om at den uheldige konsekvensen her handlar om lagt tyngre ting enn idyllisering? Flø stiller heile problemstillinga på hovudet. For hjå han ligg ikkje problemet i politikken britane har ført, han åtvarar ikkje norske politikarar mot offentlege nedskjeringar, ein utarmande jordbrukspolitikk eller mangel på buplikt. Det er idylliseringa han åtvarar mot, for med den kjem middelklassen. Det er beint fram oppsiktsvekkjande at i dette skrekkeksempelet han teiknar av britisk distriktspolitikk er det berre idylliseringa han vil åtvare oss mot. Meinar forskaren idylliseringa eine og åleine har omvelta britiske bygdesamfunn?

Britisk, som norsk ,bygdeliv er styrt av og prisgitt politiske styresmakter og deira mål og ynskje for landet. Det er tilgangen til arbeid, infrastruktur, jordbrukspolitikk, industripolitikk, fiskeripolitikk, råvaretilgang osb som er dei viktige faktorane for bygda sin ”suksess”. Den aller siste og minste biten i puslespelet som kanskje kan hjelpe utviklinga i rett lei kan vere dei utskjelte tilflyttingsprosjekta eller bygdeutviklingsprosjekta. Å tru at framtida til den norske bygda er prisgitt deira suksess, er naivt. Så lenge bygdedebattantar som Flø konsekvent unnlèt å dvele ved den reelle politikken, ufarleggjer dei bygdeutvikling som inkje anna enn imagebygging.

1732 Bygda

Oda Rygh skriv i Aftenposten 4.11. at ho flyttar frå bygda. Det må ho gjerne gjere, ho vert i tilfelle ikkje den fyrste. Rygh meiner det er heilt umogeleg for oss med høgare utdanning å bu på bygda: Me akademikarar vil snakke om litteratur og ete sushi, og har dermed ingen å snakke med på bygda.

Men om det største problemet til Rygh er at naboen aldri har ete sushi, har ho kanskje for mykje fritid? Personlege røynsler frå flatbygdene rundt Oslo, er lite anna enn personlege røynsler. Vikersund er ei bygd med 2 748 innbyggjarar, mi bygd i Sogn har 450. Her finst akademikarar, bønder, industriarbeidarar og andre. Her trivst eg. Sjølv har eg hovudfag i filmvitskap, er frå ei industribygd ein annan stad i landet og kan ingen ting om landbruk. Men eg opplever at folk er opne og inkluderande og ikkje så veldig opptekne av mitt utdanningsnivå, på same måte som eg ikkje er så oppteken av deira. Mi personlege røynsle er ikkje at 6 år på universitetet har kolonisert kroppen min i ei slik grad at eg er heilt
uinteressert i det naboen er interessert i.

Om det er slik at ingen av dei 2748 innbyggjarane som bur i Vikersund er opptekne av litteratur, men berre er opptekne av traktorar, er det
klart at det er trist for den som er særskilt oppteken av litteratur. Men er ikkje dette eigenleg geispande stereotype og klisjéfylte bilete av bygda som ein møter over alt? Folk er ulike, ikkje alle vil bu på bygda. Og det er vel heilt greitt?

Eg kan ikkje sjå at det å vere sosial på tvers av klasseskilje er anna enn eit gode. For meg er det heilt uinteressant kva naboen et til middag, og ikkje et han så ulikt meg heller. Det som kanskje skil meg frå Rygh er at eg meir interessert i politikk enn eg er i matvanar og litteratur. Politikk bind oss sambygdingar saman. Friluftspolitikk, rovdyrpolitikk, skulepolitikk, kulturpolitikk, me er alle opptekne av bygda vår og korleis politikken påverkar den. Akademikarar, bønder og butikkdamer er like interessert i kor mykje snø det er til fjells, kven som skal gå Birken (her er ikkje Birken eit elitefenomen) og om nokon har sett bjørnen, som dei er av helsepolitikk og kommunesamanslåing. Eg er òg oppriktig interessert i slike spørsmål og vil gjerne diskutere dei. Eg opplever at mine sambygdingar sit på viktig lærdom og kunnskap, både akademikarar og andre, som 6 år på universitetet ikkje har lært meg.

Og om eg har veldig trong til å snakke om Benedict Andersons nasjonalismeteoriar, finst det folk i bygda som kan dei betre enn meg.

Ein dal er berre ein fjord utan vatn

Jostedalen

I siste nummer av avisa Dag og Tid har eg denne teksten i den faste spalten deira "Tre favorittar". Her er altså mine tre yndlingsdalar:

1. Jostedalen – i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Her har eg busett
meg, staden der fritid er skitid. Ein lang dal omringa av
nasjonalparkar og brear. Ein dal eg aldri hadde vore i for 4 år sidan.
Ein dal der nokon alltid skal på ski og nokon alltid kan by på ein
kaffikopp før skituren. Ein dal nesten utan vind, skodde og regn. Ein
dal med sumar OG vinter, der årstidene syner seg slik årstidene var
tenkt, som årstider på idealtid. 
2. Tufsingdalen – i Os kommune i Østerdalen. Det kan vere litt
vanskeleg å oppdage at dette i det heile er ein dal, endelause vidder
strekker seg i alle retningar mellom eit og anna fjell. Tufsingdalen
er hundekøyraren og elgjegeren sitt rike. Kvart einaste hus du
passerar har hudegard. Landskapet gjev von om å kunne køyre i dagevis
utan å treffe folk, men å ikkje måtte gå i dagevis for å treffe elg.
Dette er dalen der kjøt ikkje er noko du kjøper på butikken, men noko
du har i frysaren.
3. Valldalen – I Nordal kommune på Sunnmøre. Eit lite stykke syden for
alle som er vakse opp ved havet. Då eg var liten trudde eg det alltid
var sol og sumar i Valldalen. At jordbæra alltid var moden og at ein
selde moreller heile året. No veit eg at det ikkje stemmer, men det er
ikkje så langt frå sanninga. Då eg som vaksen var på min fyrste skitur
i Valldalen var stemninga frå mine barndoms sumarar nett den same nede
i bygda. Sol og varmt og is på trappa på Spar.